Bykle-ordføraren nøgd med utviklinga i kommunen

Bykle-ordførar Hans Blattmann er nøgd med utviklinga i Bykle kommune og arbeidet som har blitt gjort politisk og administrativt etter valet i fjor haust.

– Det er utvikling me ynskjer, og me har sers mykje godt på gang, seier han.

Bykle-ordførar Hans Blattmann er nøgd med utviklinga i kommunen etter valet i fjor haust. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann er nøgd med utviklinga i kommunen etter valet i fjor haust. Ole Birger Lien

Blattmann lister opp mange punkt han meiner er med på å dra Bykle kommune i ei positiv retning.

– Brynjeprosjektet, der me også har fått 500.000 kr. i støtte frå Agder fylkeskommune, er eit godt døme på satsingar me vil leggje til rette for. Bykle vaskeri er i gang med arbeidsplassar for dei som elles ikkje hadde kome inn i arbeidsmarknaden. Det er ei viktig prioritering. Tilbodet kan bli utvida til fleire kommunar i dalen etter kvart. Leige før eige er også eit svært positivt grep, med betingelsar for huskjøp ein knapt får andre stader. Denne ordninga kan også bli utvida, seier ordføraren.

Han legg til at betydelege utbetalingar i form av Enøk-tiltak både for private og næringsliv skaper tryggleik i uoversiktelege tider. 

– Alt dette sett i samanheng forklarar nok også kvifor eg og varaordførar, saman med administrativ leiing, har hatt så sterk fokus på bedriftsbesøk. Skal me få til noko, må næringslivet med. Det skal me gjere alt me kan for å leggje til rette for, slår han fast.

Landbruket viktig

Hans Blattmann peiker på at Bykle kommune også i framtida skal satse på landbruket.

– Både med bedriftsbesøk men også arrangement som landbrukets dag skal me styrke dei som vil satse. Satsing ser ein også til dømes med nye Hovden badeland, der kontrakta no er signert. Det nærmar seg også nytt hybelbygg for skigymnaset, med betydelege bidrag frå fylkeskommunen. Me har også kome godt i gang med infrastruktur og vegar, med fleire nye trafikksikre gangvegar i Bykle på gang i samarbeid med Statens vegvesen, seier han.

Blattmann peikar på at infrastruktur også er eit verkemiddel med tanke på kommunen som destinasjon.

– Hovdenut-prosjektet, med sherpa-sti, hytte og stiar, er eit grep me trur vil gje sers gode resultat. Ekstra gledeleg er det med satsing som betyr noko både for fastbuande og tilreisande, og ikkje minst det faktum at her snakkar me om sommaraktivitet ein stad der målet er å vere ein attraktiv heilårsdestinasjon, seier han.

Bykle i verda

Også med tanke på det som skjer utanfor Bykle kommune sine grenser er ordføraren nøgd med ei offensiv satsing.

– I Setesdal Interkommunalt politisk råd har me etablert eit arbeidsutval, og skal revidere strategi og handlingsplan. Me vil ha resultat! Bykle kommune er aktiv i USS, Fjellnettverket og ikkje minst i Å energi. Kraft og miljø er viktige moment, strekar han under.

Blattmann viser til at Bykle kommune har etablert nye organ for samarbeid knytta til villrein, mellom anna med årshjul for beredskapsøving og betre samhandling mellom ulike aktørar.

– Dette har me også fått mange gode tilbakemeldingar på frå Statsforvaltaren, viltutval og liknande, seier han.

– Godt samarbeid

Ordførar Hans Blattmann er svært nøgd med samarbeidet både med administrasjonen i Bykle kommune og med sine politiske medspelarar.

– Alle politiske nivå er avhengige av ein robust og kunnskapsrik administrasjon. I Bykle kommune er samarbeidet godt og effektivt. Det er me svært nøgde med. Me må ha administrasjonen i ryggen. Så satsar me på eit godt politisk miljø som kan resultere i ein endå betre politisk samarbeidskultur. Det har mellom anna blitt tilført meir ressursar til gruppeleiarar, og ikkje minst meir informasjon og inkludering. Me samhandlar rett og slett godt, og det må til. Bare då kan me halde fram den lovande utviklinga me alle ynskjer oss, seier ordførar Hans Blattmann.

Bykle-ordførar Hans Blattmann fekk æra av å klyppe snora og opne den nye dagsturhytta. Til venstre plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå og Sigrid Bjørgum i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann fekk æra av å klyppe snora og opne den nye dagsturhytta. Til venstre plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå og Sigrid Bjørgum i Bykle kommune. Alida Mørenskog Bykle-ordførar Hans Blattmann (t.v.) og Kjetil Uleberg under opninga av rundkøyringa på Hovden. Alida Mørenskog

 

Bykle vaskeri er i gang med varig tilrettelagte arbeidsplassar. Her frå opninga. - Klikk for stort bileteBykle vaskeri er i gang med varig tilrettelagte arbeidsplassar. Her frå opninga. Ole Birger Lien