Bykle-ordførar inn i styret i Utmarkskommunenes Sammenslutning

Tidlegare Valle-ordførar Steinar Kyrvestad, gjekk av som styremedlem i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) under landsmøtet i Stjørdal sist veke. Inn i styret som medlem for Agder vart Bykle-ordførar Hans Blattmann valt. Også Valle-ordførar Lars Tarald Myrum vart nytt landsstyremedlem.

Bykle-ordførar Hans Blattmann (nr. 4 frå høgre) vart valt inn i styret i USS. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann (nr. 4 frå høgre) vart valt inn i styret i USS. USS

Frå regjeringa kom statssekretær i Klima- og miljødepartementet Kjersti Bjørnstad for å ta for seg regjeringa sin politikk i utmarkssaker. Frå USS problematiserte Stein Erik Stinessen om me skal slutte å bruke natur, og kven bestemmer? Dette opna som ein forstår for både spørsmål og debatt. Også spørsmålet om areal- og naturrekneskap kom opp i sekvensen. Ein gjekk mellom anna inn på berekraftig arealforvaltning, Hurdalsplattforma og rammene der. Det var fokus på at ein snakkar ikkje alltid om vern, men om beskyttelse og bruk av natur. Med berekraft vart det streka under at ein må sjå langsiktig på satsing, det skal vere berekraftig i generasjonar.

Om inntektssystemet

Stortingsmeldinga om endringar i inntektssystemet knytta til naturressursar hadde sin eigen bolk under landsmøtet. Stinessen i USS la til grunn at krefter nasjonalt ynskjer å omfordele inntektene frå vertskommunar til alle kommunar - ei problemstilling som slett ikkje er ny, men stadig aktuell. Resten av dagen gjekk i alt frå spørsmål om kommunar kan saksøke staten til beredskap og forsvarspolitikk og ikkje minst den varsla stortingsmeldinga om klima og naturmangfald. Det vart peika på eit stadig aukande kraftbehov, og at omsynet til klima og miljø må vere førande med tanke på lokalisering av statleg verksemd.

Villrein og arealbruk

Fredag formiddag samla USS seg til ordinære landsmøtesaker. Etter ein gjennomgang av arbeidsprogram for 2024/2025 handla det om villrein og arealbruk. Vil stortingsmeldinga om villrein slå beina under det lokale sjølvstyret? var spørsmålet. Tidlegare Valle-ordførar og styremedlem i USS, Steinar Kyrvestad, tok for seg problemstillinga. Som avsluttande tema på landsmøtet var mineralutvinning og ikkje minst rovvilt.  Kyrvestad var klar på at innan området arealforvaltning og lovregulering er kommunane sin sjølvråderett under sterkt press. Han viste mellom anna til at det kan kome ein lovheimel som opnar for at alt vedtekne reguleringsplanar kan bli oppheva, og peika på forholdet mellom kommunalt sjølvstyre og statleg kontroll. Kyrvestad streka under at kommnunane må vere ein reell primær planmyndigheit, sjølv om ein inngår kompromiss. Ikkje minst må det meir kunnskap inn i spørsmålet om villrein.