Bykle om alt frå naturressursar til grønt skifte under Arendalsveka
Delegasjonen frå Bykle kommune som vitja Arendalsveka fekk nok å henge fingrane i - mange ville ha “ein bit” av kommunen øvst i Setesdal!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.08.2025 17:50
Sist endra 14.08.2025 17:50
Frå Bykle på Arendalsveka! Frå venstre: Signe Sollien Haugå, plansjef, Hans Blattmann, ordførar, Karina Sloth, kommunedirektør og Roy Bakke i Visit Setesdal/Setesdal regionråd.
Bykle kommune
Temaet for dagen Bykle hadde stand var naturressursar, kraft og utvikling. Det var høgt engasjement og spennande drøftingar om alt frå kraftinntektyer og samfunnsbidrag til naturforvaltning og korleis ein kan delta i det grøne skiftet.
– Det var kø dagen lang, mange ville ta quiz og snakke om Bykle og Hovden. Ikkje minst var mange unge interesserte i Bykle kommune, og det set eg jo stor pris på, seier kommunedirektør Karina Sloth.
Funfact og folkeopplysning slo an - mange heier på kraftkommunane!