Bykle med topplassering i nasjonal undersøking

Konsulentselskapet WSP har nyleg gjort kjent ein rapport der alle kommunar i Noreg er undersøkt med tanke på såkalla robustheit. I fleire av delundersøkingane ligg Bykle kommune heilt øvst på landsbasis.

Bykle kommune kjem best ut i gruppa for mindre kommunar med kraftnæring både når det gjeld sysselsettingsgrad og talet på uføre. Det betyr at dei fleste har arbeid, og at det etter måten er få uføre. 

Berekraftig utvikling

Bakgrunnen for undersøkinga er arbeid som skal vere med på å sikre ei meir berekraftig utvikling. Kor godt rusta er kommunane? Undersøkinga, “Regionenes kamp”, vart gjennomført for første gong i 2022 av WSP Norge. Blant tema som er med i undersøkinga er demografi, helse og levekår, berekraft og klima, arbeidsmarknad, kommunedrift og lokalt næringsliv. Blant indikatorar for robustheit ser undersøkinga på alt frå alder på befolkninga til helse, forventa levealder, tilgang på helsepersonell, inntekter og ikkje minst klima. I gruppa for mindre kommune med kraftnæring er Bykle nr. 1 i landet, med Hol kommune på 2. plass og Vinje kommune på 3. plass.

– Levande bygdeliv

– Det har blitt satsa og det blir satsa i Bykle kommune. Resultata i undersøkinga er gledelege for oss, så arbeider me vidare kvar dag for å oppnå gode resultat. Kommunen har kraftinntekter, men også eit levande og aktivt bygdeliv, og ikkje minst eit oppegåande lokalt næringsliv og levande landbruk. Det er nok totalen som gjer at me hevdar oss, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.