Bykle med på karriereveke på Universitetet i Agder
Med høgast banner av alle, bleieskifttevling og mykje god informasjon var Bykle kommune sterkt til stades sist veke då det var Karriereveke på Universitetet i Agder.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.02.2025 12:37
Sist endra 19.02.2025 12:37
På karriereveke på UIA!. Frå venstre: Martine Vik, Even Fredriksen, Magnus Bjørgen Marstad og Viktoria Slapgaard.
Bykle kommune
I to dagar gjorde delegasjonen sitt beste for å vise fram alt det Bykle kommune har å by på, både som arbeidsgjevar og bustad.
– Me har mellom anna hatt fokus på oppvekst, og bleieskifttevlinga var jo ein del av det - med glimt i auga. Me var godt synlege i “uniformene” våre, smiler Martine Vik i Bykle kommune.
Det har ho saktens rett i, heile gjengen kom i rosa T-skjorter, og med alt frå drikkeflasker til fine premiar i tevlingane.
Rekruttering
Bykle kommune er aktivt med på alt frå utdanningsdagar til karriereveke og studentmesser for å rekruttere arbeidskraft til kommunen øvst i Setesdal. Under karriereveka fekk gjengen frå Bykle god respons og mykje interesse frå studentar frå heile utdanningsinstitusjonen. Det lovar godt!