Bykle med i "Heile Noreg rydder" laurdag 9. mai!

Bykle kommune er med når satsinga “Heile Noreg rydder”blir gjennomført laurdag 9. mai. Målet er at så mange som råd blir med og tar i eit tak, og rydder i nærområdet sitt.

Pixabay

Det er oppmøte og utlevering av ryddeutstyr i grendehuset på Hovden mellom klokka 10-12. Alle som blir med er automatisk med i trekninga på gåvekort. Opplegget er meint som ein lågterskel-tur, ein avgjer sjølv kor lang ein går og kor lenge ein held på.

Mat og is

Etter oppryddingsøykta blir det spandert både mat og is i grendehuset klokka 13. Den som gjerne vil delta, men som ikkje kan laurdagen, kan hente seg ryddeutstyr i grendehuset eller samfunnshuset i Bykle heile veka i opningstidene - frå 4. mai. Også dei som gjer det på dette viset er med i premietrekninga. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bykle kommune, Bykle Frivilligsentral, Naturvernforbundet Setesdal, Setesdal miljø og gjenvinning og Friluftslivets år.