Bykle kulturskule med to flotte sommarkonsertar!

Like før ferien knalla Bykle kulturskule til med to flotte sommarkonsertar, ein på Hovden og ein i Bykle. Det vart ein demonstrasjon av talent og entusiasme!

Kulturskulen skal vere ein trygg og god arena for læring, meistring og trivsel. Skal ein døme etter dei to konsertane elevane no baud på like før sommarferien, er det aller meste på stell i Bykle kulturskule! Elevane baud på seg sjølv på scena, dei våga, støtta kvarandre og viste slik glede med det dei held på med at det verkeleg gjorde inntrykk! Blant elevane var det både dei røynde, og dei som prøvde seg for første gong. Felles for dei alle er viljen og ikkje minst talentet - dei har alle så mykje godt å fare med!

– Noko å vers stolt av

– Desse konsertane viser kva elevane kan når dei bare får støtte og tillit, og rom for å vere seg sjølv. I godt samarbeid med dyktige lærarar blir dette verkeleg noko å vere stolt av, seier leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.

Snart nytt kulturskuleår

No er det sommarferie, men kulturskulen i Bykle gnur på igjen til hausten. For den som vil ha informasjon om opplegget, og kanskje melde seg på - HER FINN EIN BÅDE INFORMASJON OG PÅMELDINGSSKJEMA