Bykle kommune vidarefører ordninga med rabatt på sesongkort i alpinbakkar og badeland
Dei folkevalde i Bykle kommune vedtok den 30. oktober å vidareføre ordninga der fastbuande born og unge kan få rabatt på sesongkort både til Hovden alpinsenter og Hovden Fjellbad.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 18.11.2025 15:52
Sist endra 18.11.2025 17:08

Ny eigenandel for sesongkort i Hovden alpinsenter blir 1000 kr. for dei mellom 7-19 år. Eigenandel for årskort i Hovden Fjellbad blir 500 kr. for dei frå 3-19 år. Korta skal ein som vanleg kjøpe i skisenteret eller badeland. Sesongkort i alpinsenteret kan ein kjøpe frå 10. november, med siste frist 1. desember.
Familiar med ei samla inntekt på ikkje meir enn 6G (kring 780.000 kr.) kan søke om fritak frå eigenandel. Søknadsfristen er 1. desember.
Her finn ein søknadskjema
I tillegg gjekk dei folkevalde inn for å vidareføre ordninga med at fastbuande familiar med tre born eller fleire, skal få 50% avslag frå og med born nr. 3.
Nytt individuelt tilbod
Er du eller ungdomen din på jakt etter ei aktiv og meiningsfull fritid, men ski eller bading er ikkje heilt tingen? Med ny, utvida aktivitetsordning får ein større valfridom. Ein kan bruke ordninga på andre aktivitetar enn dei tradisjonelle tilboda, til dømes ridetimar, kino eller kulturskule. Det er også råd å kombinere bading eller ski med ei anna fritidsinteresse.
For dette tilbodet, kontakt kultur og fritid i Bykle kommune på epost kultur@bykle.kommune.no eller tlf 90216856