Bykle kommune vidarefører Enøk-tiltaka også i 2024

Enøk-tiltaka som kommunestyret i Bykle vedtok tidleg i fjor, blir vidareførte også i 2024. Ordninga skal som i fjor også gjelde lokale verksemder.

Bykle kommune vidarefører Enøk-tilskot. - Klikk for stort bileteBykle kommune vidarefører Enøk-tilskot.

Tilskota som vart vedtekne gjeld alle som har folkeregistrert adresse i kommunen, og alle hytteeigarar i kommunen som har fått godkjent hytta som permanent bustad.

Set av to mill. årleg

Dei som vil investere i ein reintbrennande ovn kan få dekka 50% av utgiftene inntil 17.500 kr. Dei som kjøper luft til vatn varmepumpe kan få inntil 100.000 kr. Også dei som vil investere i nye vindauge eller etterisolering får støtte, inntil 150.000 kr. Private husstandar får også tilgang til støtte til solceller der det er rom for slike installasjonar i høve reguleringsbestemmelsane. Tilskotet skal vere inntil 50% av utgiftene, med maks støtte for kvar enkelt husstand på 100.000 kr. Kommunestyret i Bykle vedtok på tampen av fjoråret å sette av to mill. kr. årleg til vidareføring av ordninga, mellombels for 2024 og 2025.

HER er link til skjemasida på Bykle kommune si heimeside. Skjema for søknad om Enøk-tiltak finn ein under Næringsavdelinga.