Bykle kommune treng bøsseberarar!

Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober. No er Bykle kommune på leit etter bøsseberarar!


 

Frå oppstart i Agder for TV-innsamlinga sundag 19. oktober. TV-aksjonen

Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjoonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betyre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv. 

200.000 menneske

Målet er å skaffe nok midlar til å kunne støtte 200.000 menneske i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia. I Bykle kommune skal ein i tillegg til sjølve innsamlingsdagen skipe til TV-aksjonsstur til Hovdenuten med ordførar Hans Blattmann 12. oktober, og både skular og barnehagar skipar til ulike aktivitetar i forkant av 19. oktober.

Vil du vere bøsseberar? Då kan du kontakte leiar i Bykle frivilligsentral Stine Rambekk Gulowsen på epost HER eller på tlf 91787411.