Bykle kommune sponsar verksemder som vil bli Miljøfyrtårn

Bykle kommune ber no verksemder som vil bli sertifisert som Miljøfyrtårn om å bli med i eit opplegg der kommunen støttar kvar verksemd med å betale ei kurspakke til 10.500 kr.

Næringsrådgjevar Markus Lund håpar lokale verksemder er interessert i å kvalifisere til merkinga Miljøfyrtårn. - Klikk for stort bileteNæringsrådgjevar Markus Lund håpar lokale verksemder er interessert i å kvalifisere til merkinga Miljøfyrtårn. Ole Birger Lien

Det er bare HMS-systemet til 2990 kr. verksemdene sjølv må betale.

– Det er informasjonsmøte på teams onsdag 21. februar, seier næringsrådgjevar i Bykle kommune, Markus Lund.

Miljøgevinst

Han er klår på at den største gevinsten for verksemder som kvalifiserer seg som miljøfyrtårn er dei positive miljøkonsekvensane. 

– I tillegg kan det styrke merkevare, vere ein fordel i kamp mot andre i marknaden og auke lønsemda, meiner Lund.

Første samling 7. mars

Det er altså informasjonsmøte på teams 21. februar klokka 11. Der får ein meir informasjon om prosessen fram til sertifisering. HER er link til møtet.

Fristen for påmelding er sett til 28. februar. Oppstartsmøter blir halde individuelt via Teams før første samling. Torsdag 7. mars klokka 13-15 er det fysisk samling, på Hovden. Dei tre andre samlingane er via Teams, 19. mars, 3. april og 18. april, alle gongene klokka 13-15. Kurspakkene på 10.500 kr. blir altså betalt av Bykle kommune.

– I tillegg til HMS-system verksemdene eventuelt må betale litt for kan ein få rettleiing og sluttkontroll før sertifisering. Timepris for konsulent er sett til 1050 kr. pluss mva, dagrate for 7,5 timar er 6300 kr. pluss mva.  Desse prisane er rabatterte, seier Markus Lund.

Det er også etableringskostnadar. Dei kan ein lese meir om HER

HER kan ein melde verksemda på!