Bykle kommune skipa til samordningsmøte om aktivitetar i villreinområda

For første gong har alle einingar som har med villreinområda å gjere samla seg til koordineringsmøte om aktivitetar, etter at Bykle kommune kalla inn til samordningsmøte.

Frå samordningsmøte om vinterøvingar i Bykle. - Klikk for stort bileteFrå samordningsmøte om vinterøvingar i Bykle. Vidar Johnsen

På møtet kom mellom anna SNO, den lokale villreinnemnda, folk frå Statsforvaltaren, den lokale fjellredningsgruppa,  Raudekrossen, politiet og Heimevernet. Formålet var å kome fram til betre koordinering med tanke på alt frå kontrollar til øvingar i område der ein må vise omsyn til villreinen.

– Temaet vart sjølvsagt ekstra aktualisert no når me veit at beitetilhøva er ekstra krevjande, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.

Skal lage årshjul

Eitt av dei konkrete tiltaka som kom ut av drøftingsdagen er at det skal lagast eit årshjul, altså ei årsoversikt, der alle planlagte aktivitetar frå alle aktørar skal inn.

– I tillegg skal ein sjå på konkrete område, og sikre at ein til ein kvar tid nyttar dei best eigna områda også med eit villrein-perspektiv. Ei samordning som dette, der alle aktuelle instansar er med, har ikkje blitt gjort tidlegare, seier Bjørgum.