Bykle kommune sin jolequiz - runde 5
Som i fjor satsar Bykle kommune hardt på ein jolequiz!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.12.2023 09:41
Sist endra 29.12.2023 09:41
Jolequiz runde 5
Eivind Ilje Tveit
Alle fem dagane i romjola frå og med 1. joledag er det ny quiz. Etter fem rundar sit ein att med fem ord - som blir ei løysingssetning. Løysingssetninga skal sendast inn HIT
Tidleg på nyåret blir det trekt ein vinnar blant alle som har sendt inn rett løysingssetning. Vinnaren kan vente seg ein flott premie!
Quiz 5:
- Ord med same tyding som anna ord
- Ventetid
- Forhandling
- Vart samla i 2020 – no er det 11 att
- Omtrent
Det er første bokstav i kvart ord i kvar quizrunde som utgjer ordet ein skal ta med vidare gjennom romjola.