Bykle kommune på veg til karrieredag ved UIA

Tysdag 13. februar er det karrieredag ved universitetet i Agder, og ein delegasjon frå Bykle kommune er klar!

Skulefagleg ansvarleg i Bykle kommune, Kjetil Vik, klar til avreise UIA og karrieredag tysdag 13. februar. - Klikk for stort bileteSkulefagleg ansvarleg i Bykle kommune, Kjetil Vik, klar til avreise UIA og karrieredag tysdag 13. februar. Ole Birger Lien

Frå klokka 10-15 har kommunen eigen stand i Vrimlehallen, der hundrevis av studentar kan få høyre om stillingar og karrierevegar i Bykle. 

– Me ser veldig fram til å fortelje om alle mogelegheitane me har i Bykle kommune. Spennande stillingar, gode rammevilkår og alt det kommunen har å by på av tenestetilbod og fritidstilbod, seier skulefagleg ansvarleg Kjetil Vik.

Film og drikkeflasker

På Bykle kommune sin stand skal det gå ein film på skjerm om att og om att - med glimt frå noko av alt det spennande kommunen øvst i Setesdal har å by på. Delegasjonen frå Bykle er “uniformert” med rosa T-skjorter med kommunelogoen på, og det blir lina opp drikkeflasker som gåver til dei som er innom standen. I flaskene blir det lagt eit ark med tekst og QR-kode til ledige stillingar.

– Me er spente på responsen, og skal gjere alt me kan for å rekruttere god arbeidskraft, seier Kjetil Vik.