Bykle kommune møter lokale lag og organisasjonar onsdag kveld
Onsdag 18. september klokka 18 skipar Bykle kommune til haustmøte med lag, organisasjonar og frivillige elles i kommunen. I Hovden grendehus skal dei alle få kome til orde.
Leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.
Ole Birger Lien
– Me ynskjer god dialog med det frivillige organisasjonslivet, og me ynskjer at dei ulike laga fortel om aktivitetar dei held på med. Bykle kommune skal vere med på å legge til rette for ulik aktivitet. Samarbeid krev god kommunikasjon, så no håpar eg mange kjem på møtet, seier leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.
Ho legg til at det også for kommunen er viktig å orientere om måtar ein kan arbeide saman med ulike prosjekt.
Møtet i grendehuset held på til klokka 19.30.
Publisert 18.09.2024 14:17
Sist endra 18.09.2024 14:17