Bykle kommune med sommarjobb for lokal ungdom

Kvar sommar sysselset Bykle kommune lokal ungdom i ulike sommarjobbar. I sommar blir det i perioden mellom 24. juni-11. august. No er stillingane lyst ut. 

Her er Andrè Mandt Haugen i sving som sommarvikar i Bykle kommune i fjor. No kan aktuell lokal ungdom søke seg jobb for sommaren 2025. Ole Birger Lien

Dei som er aktuelle må ha fullført 10. klasse når sommaren kjem. Det er ikkje sett ei øvre aldersgrense på søkarar. Aktuell ungdom må vere folkeregistrert i Bykle kommune. Det trengs folk i alt frå teknisk eining med grasklypping og liknande til barnehagar og SFO - og både Bykle og Hovden er arbeidsstad. 

Søknadsfristen er fredag 11. april - så hugs å søke før påske!

Oversikt over ledige stillingar i Bykle kommune