Bykle kommune med samarbeidsavtale med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet

Bykle kommune har inngått ein samarbeidsavtale med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) i Ås, og skal vidareutvikle samarbeidet mellom anna mellom universitetet og planavdelinga i kommunen, eit samarbeid som har gått føre seg i stadig større grad dei siste åra.

Bykle-ordførar Hans Blattmann og plansjef Signe Sollien Haugå med samarbeidsavtalen kommunen har inngått med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet i Ås. Ole Birger Lien

Det er spesielt saman med Fakultet for landskap og samfunn, og Institutt for by- og regionplanlegging, at Bykle kommune har funne fleire samarbeidsfelt, der felles fagområde og interesser kan styrke både Bykle kommune og universitetet sitt arbeid.

– No vil me lyfte opp og fram gjensidig fordelaktige samarbeidsprosjekt og aktivitetar i åra som kjem, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Feltkurs

I 2023 la Bykle kommune til rette for at universitetet i Ås kunne sende studentar til Bykle og der dei fekk feltkurs med tema regional landskapsplanlegging og lokalsamfunnsutvikling. Kommunen fekk både presentasjonar og oppgåver som studentane arbeidde fram.

– Ein del av dette materialet har vore med som del av grunnlaget mellom anna i mogelegheitsstudien for Bykle sentrum og dessutan faglege utvekslingar med dei kursansvarlege. I etterkant har det også vore dialog med tanke på å få relevante masteroppgåver og tema lagt til Bykle, i tillegg til faglege drøftingar og innspel til landbruksstrategien i kommunen, og metodedrøfting til arbeid med besøksforvaltning og sti-løypeplanlegging, seier plansjefen.

Aktuelle tema i fjell- og småkommunar

I Bykle møtest mange nasjonale politikkområde - her blir dei både komplekse, konkrete og krevjande å løyse lokalt framover.

– Di meir interessante kan dei vere for forsking og utdanningsinstitusjonen NMBU, trur Signe Sollien Haugå.

I etterkant har det blitt lagt til rette for fleire masteroppgåver med lokale tema, Bykle kommune er “selt” inn som ein viktig småkommune for studentar som ynskjer seg praksis innan planfaga. Over tid håpar ein at dette skal medverke til auka fokus i utdanningsinstitusjonar om tydinga av rurale plantema og rekruttering til kommunar som Bykle, seier Sollien Haugå, som gler seg over at samarbeidet no er formalisert.

To år om gonga

Samarbeidsavtalen gjeld for to år om gonga. Samhandlinga omfattar også regionalleddet og Agder fylkeskommune. I samråd med Fylkeskommunen tar Bykle kommune ei koordinerande rolle i høve grannekommunar, fylkeskommunen og Setesdalsregionen der det er aktuelt. Samarbeidsavtala peiker på aktuelle tema som; Berekraftig utvikling og naturforvalting, fritidsbebyggelse og samfunnsutvikling i distrikts- og fjellkommunar, rural utvikling, modell- og pilotutvikling innanfor reiseliv, besøksforvalting, landbruk med lokalmat og ny teknologi, for å trekke ut noko. Samarbeidsavtala legg grunnlag for alt frå forskingsoppdrag, tverrfaglege masterkurs og -oppgåver, praksisplassar og fagseminar, arbeidsverkstader for politikarar og administrasjon osb.

– Det som styrker Bykle kommune styrker dalen, og det som blir ei ny kjelde til bidrag til universitetet styrker studentane, så dette er vinn-vinn over heile lina, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.