Bykle kommune med på å sponse fjellhagekurs i Hovden grendehus

Verksemda Datsja skipar til fjellhagekurs i Hovden grendehus 1. februar. Bykle kommune sponsar deler av kursavgifta.

Verksemda har omfattande erfaring med fjelldyrking og rettleiing av hyttedyrkarar. Med 22 års bakgrunn som gartnarfaglærar kombinerer kurshaldarane pedagogisk ekspertise med praktisk erfaring. Gjennom verksemda Datsja arbeider ekteparet Anders og Barbro Nordrum for å spreie kunnskap om ressurseffektiv dyrking, med særleg fokus på matvareberedskap. Dei har saman med dottera Maria gjeve ut boka "Beredskapshagen - slik får du mat ut av plenen". 

Kurset passar like godt for ferskingar som for dei  med noko røynsle frå før.