Bykle kommune kuttar mange av fjelløypene neste vinter
Vintersesongen 2024/2025 kjem nærare 80% av alle langrennsløyper i Bykle kommune til å bli køyrt opp på Hartevatn på Hovden. Der kjem det trasear på 12, åtte og fem kilometer.
– Dette er eit grep me må ta av omsyn til villreinen, det er einaste måten å sikre løypenettet på, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.04.2024 08:49
Sist endra 08.10.2024 08:41
Dei fleste skiløypene øvst i dalen neste vinter blir køyrt opp her på Hartevatn.
Eivind Ilje Tveit
Vinteren som no går mot slutten har bydd på store problem for villreinen, og ditto utfordringar knytta til løypekøyringa i kommunen. Fleire gonger har det blitt vedteke restriksjonar på preppinga, og utfordringane med klimaet tykkjest bli verre og verre år for år. Bykle kommune tar no grep for å sikre at uansett forhold, skal det vere løyper å gå på ski i øvst i Setesdal.
– Me veit at dette ikkje er optimalt, men det er betre enn å ende opp utan løyper. Når me i tillegg lagar tre trasear, som går i sirklar på Hartevatn, kan folk velje seg den løypa som passar best, seier Bjørgum.
Tilknytta arenaen
Hovudløypa blir på 12 km. Ho skal ha tilknytning til langrennsarenaen, mellom anna som ei gjennomkøyring med tanke på 50 km under NM på ski del 2 som skal skipast til på Hovden i 2025. Korleis det blir med oppkøyring av fjelløyper neste vinter er uvisst.
– Me har fått klare direktiv frå direktoratet om at løypenettet som eksisterer i dag ikkje er kompatibelt med utfordringane villreinen opplever. Fleire av løypene er alt no registrerte som uaktuelle i høve neste sesong, difor må me vere føre var, seier Sigrid Bjørgum.
Ho anslår at bare 20% av dagens løypenett kan køyrast opp neste vinter.