Bykle kommune innfører ekstraordinær bandtvang

Det er uvanleg mykje laussnø, og hjorteviltet har svært krevjande forhold. No innfører Bykle kommune ekstraordinær bandtvang gjeldande frå måndag 19. februar.

Bykle kommune innfører ekstraordinær bandtvang frå måndag 19. februar og til ordinær bandtvang er gjeldande frå 1. april. - Klikk for stort bileteBykle kommune innfører ekstraordinær bandtvang frå måndag 19. februar og til ordinær bandtvang er gjeldande frå 1. april.

Den ekstraordinære bandtvangen gjeld fram til 1. april, då ordinær bandtvang tar over og er gjeldande fram til utvida bandtvang i Bykle er over 15. oktober. Bandtvang betyr at hundar skal haldast i band, eller forsvarleg inngjerda slik at dei ikkje kan jage eller skade hjortevilt.

Unnatak

Den ekstraordinære bandtvangen gjeld for hyttefelt, bustadfelt og i preparerte skiløyper. Det er unnatak for hundar i teneste, dresserte gjetarhundar og dessutan hundar som blir nytta til dømes i ettersøk etter eit sjukt dyr.