Bykle kommune i sving i Vrimlehallen på UIA!

I dag tysdag 13. februar yrer det med studentar i Vrimlehallen ved universitetet i Agder! Det blir skipa til karrieredag, og Bykle kommune er sterkt til stades.

På karrieredag ved UIA! Frå venstre: Ingrid Bjønnes, Kjetil Vik og Merethe Hjemdahl. - Klikk for stort biletePå karrieredag ved UIA! Frå venstre: Ingrid Bjønnes, Kjetil Vik og Merethe Hjemdahl.

Med skulefagleg ansvarleg Kjetil Vik i spissen har Bykle kommune eigen stand. Der blir det vist film med mange av lekkerbiskenane kommunen kan by på - og filmen kjem til å gå kontinuerleg gjennom dagen. Med er også Ingrid Bjønnes frå helseeininga og Merethe Hjemdahl frå pleie- og omsorg.

Drikkeflasker og uniform

Delegasjonen frå Bykle er dressa opp i rosa T-skjorter med kommunelogo, dei har med bannerar og anna informasjonsmateriell, og dei deler ut drikkeflasker. I dei grøne drikkeflaskene er det lagt ark med informasjon om Bykle kommune, og ikkje minst QR-kodar til ledige stillingar øvst i Setesdal.

Hundrevis av studentar

Karrieredagen på UIA betyr hundrevis av potensielle arbeidstakarar på det som er av stands. Gjengen frå Bykle har alt klart å gjere seg svært så synlege i Vrimlehallen, så gjeld det å få ut all god info om tilboda ein finn i kommunen. 

– No er me godt i gang, og blir her like til dagen er over. Det er heilt tydeleg interesse for Bykle kommune her i Vrimlehallen, så det er eit godt utgangspunkt, seier Kjetil Vik.

100 slike flasker har Bykle kommune med til karrieredagen. - Klikk for stort bilete100 slike flasker har Bykle kommune med til karrieredagen.