Bykle kommune har runda 2000 fylgjarar på appen Civis!

Over 2000 menneske får varsling direkte i mobilen sin kvar gong Bykle kommune legg ut ei nyheitssak på heimesida!

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, gler seg over at over 2000 menneske fylgjer kommunen på Civis. - Klikk for stort bileteKommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, gler seg over at over 2000 menneske fylgjer kommunen på Civis. Ole Birger Lien

Oppslutninga om appen Civis, som sender varsling med eit pling til mobilen til brukarar, har auka jamnt og trutt. No har altså Bykle kommune over 2000 brukarar, det vil seie kring det dobbelte av innbyggjartalet.

– Dette er veldig gledeleg, og me håpar endå fleire tar appen i bruk. Civis er ein effektiv og kjapp måte å informere på. Nettopp dette er poenget, Bykle kommune ynskjer å vere ein open og gjennomsiktig organisasjon. I så måte er Civis eit nyttig verktøy for informasjon, seier kommunedirektør Karina Sloth.

Enkel tilgang

Alle som lastar ned Civis og fylgjer Bykle kommune får varsel med ei overskrift, bilete og ein ingress. Er ein interessert i meir om den aktuelle saka, er sjølve oppslaget på heimesida bare eit tastetrykk unna. Det er gratis å laste ned og bruke Civis.

– I tillegg til varslinga er det ein eigen sjølvbetjeningsfunksjon der ein kan finne alt frå politiske saker til postlister og viktige telefonnummer. Den delen av tenesten er i stadig utvikling, seier Vidar Johnsen.

For den som vil laste ned Civis er det bare å gå inn på heimesida til Bykle kommune HER og gå inn på “last inn Civis”.