Bykle kommune etablerer pris for nyskaping og berekraft

Under sist kommunestyremøte i Bykle vedtok fleirtalet at kommunen skal få på plass ein pris for innovasjon og berekraft.

Kommunestyret i Bykle vil ha på plass pris for nyskaping og berekraft innan 2025. - Klikk for stort bileteKommunestyret i Bykle vil ha på plass pris for nyskaping og berekraft innan 2025. Eivind Ilje Tveit

No blir det sett ned ei arbeidsgruppe med medlemmer frå alle politiske parti i kommunen, der ein skal arbeide fram statuttane som skal gjelde. Tanken er at prisen skal vere på 10.000 kr., og i tillegg ei gåve. 

På plass i 2025

Kva kriterie ein skal sjå etter, og korleis eventuelle kandidatar skal vurderast, blir det opp til arbeidsgruppa å lage reglar for. Kommunestyret seier i sitt vedtak at målet er å ha prisen etablert i 2025.