Bykle kommune delte ut tre utviklingsstipend 17. mai
Det var ikkje bare kulturprisen Bykle kommune delte ut under nasjonaldagsfeiringa på Hovden. Tre lokale talent fekk utviklingsstipend på 25.000 kr. kvar.
Dei fekk utviklingsstipend av Bykle kommune 17. mai. Frå venstre Selma Hovden, Hedda Lamark og Malin Dale.
Helga Jacobsen
Selma Hovden er ein målretta sprangryttar med fleire sterke resultat både nasjonalt og internasjonalt. Ho har vist jamn framgang, og har ambisjonar om å tevle på endå høgare nivå enn ho gjer i dag. I år er målet å kvalifisere seg til Oslo Horse Show, det største inertnasjonale stemnet her til lands. Ho planlegg vidare satsing gjennom toppidrettslinja på Melsom vgs i Vestfold.
Dans
Malin Dale er ein talentfull dansar som har svinga seg både gjennom vidaregåande skule og som medlem av dansekompaniet KRS Urban. Ho har delteke på arrangement som Battle of the South, skuleframsyningar og nasjonale tevlingar. Ho har ambisjonar om å tevle i både NM og EM i street-styles.
Sprangridning
Hedda Lamark fekk utviklingsstipend for å finspisse nivået i sprangridning. Ho har tevla regionalt, og har ambisjonar om å vere med både på nasjonale og internasjonale stemne. Sjølv om ho måtte takle ei stor utfordring med tap av den førre hesten sin, har ho vist stor viljestyrke med å satse vidare. Ho kombinerer satsinga med skulegang på Melsom vgs på linja toppidrett hest.
Publisert 23.05.2025 13:50
Sist endra 23.05.2025 13:50