Bykle innfører begrensningar i løypekøyringa

På grunn av svært krevjande forhold for villreinen innfører Bykle kommune no mellombelse begrensningar i løypekøyringa. Prepareringa av Auversvatnløypa og Øvre Badstogdalen blir stoppa.

Bykle kommune innfører mellombelse begrensningar i løypekøyringa av omsyn til villreinen. - Klikk for stort bileteBykle kommune innfører mellombelse begrensningar i løypekøyringa av omsyn til villreinen.

Ordførar Hans Blattmann seier at eit klart fleirtal i kommunestyret sluttar seg til å innføre dei mellombelse begrensningane.

– Begrensningane blir innførte med bakgrunn i dei rådande forholda for villreinen i området, basert på fakta frå Villreinnemnda og Statens Naturoppsyn, seier han.

Fram til “Snarvegen”

Frå i dag er det altså stopp på prepareringa av Auversvatnløypa og Øvre Badstogdalen. Løypa mot Auversvatn blir preparert til “Snarvegen” og vidare ned mot Hartevasstjønn. Løypetilbodet i dette området blir då på linje med det som gjeld tidleg i sesongen med lite snø i fjellet. Løypene som ikkje skal køyrast opp vil framleis vere merka, oppkøyrte spor vil ligge att, men altså ikkje køyrast opp att i tida som kjem.

Fortløpande vurdering

Bykle kommune vil fortløpande vurdere forholda for villreinen, og vurdere om ein skal starte opp løypekøyringa att eller om ytterlegare begrensningar må til. Ein viser elles til det kommunen og Destinasjon Hovden har sendt ut av info om å vise omsyn og trekke seg unna viss ein møter på reinsdyr.