Bykle-elevar opna biehotell!

Med ein etter måten mild mai månad har SFO i Bykle vore aktive ute. Noko av det meir spesielle er det at dei stod for opninga av eit biehotell!

Frå opninga av biehotellet. Ingunn Skogheim

Eit biehotell er ein konstruksjon laga for einslege bier, bier som ikkje har ei kube å romstrere i. Slike finst diverre, godt då, at SFO i Bykle har tatt ansvar! Biehotella hadde dei laga i april, og til opningsseremonien hadde dei endåtil ein liten ordførar klar til å klyppe snora. Eit fint innslag ein maidag i Bykle - og ei solid støttepasning til bier som har behov for litt ekstra støtte.