Bygdekafé i Bykle kvar torsdag
Tilbodet om torsdagskafé i Bykle har vore populært - og framleis samlar alle seg i lokala til vaksenopplæringa ved sida av rådhuset. Det er Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen i Bykle kommune som står bak satsinga.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.05.2025 14:51
Sist endra 14.05.2025 14:51

I kaféen kan ein både få seg ein matbit og ein kaffiskvett, og ikkje minst ein prat med kjente og ukjente. Bygdekaféen er eit prøveprosjekt, så alt av tilbakemeldingar og innspel er viktig med tanke på at ein etter kvart skal evaluere ordninga. Torsdagskaféen tar til 11.30 og held på til 14.