Bygdekafé i Bykle kvar torsdag!
Det er bygdekafé i Bykle kvar torsdag mellom klokka 11.30-14. Også datakaféen har kome i gang.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.03.2025 12:22
Sist endra 07.03.2025 12:24
Bygdekaféen i Bykle er i gang med godt oppmøte.Datakaféen blir neste gong 13. mars klokka 12-14 og 20. mars klokka 18-20. Tema blir gode passord, noko som kan vere ein vitskap i seg sjølv.
Hjelp til det meste innan data
I begge høve kan ein få individuell hjelp og svar på spørsmål, anten det gjeld mobiltelefon, datamaskin, nettbrett, og "appar". Det kan òg tingast time på førehand gjennom Hovden grendehus på telefon: 902 16 856 eller på epost: kultur@bykle.kommune.no
Det er i lokala til vaksenopplæringa ved sida av rådhuset at samankomstane går føre seg.