Brynjeprosjektet presentert på Folkehelsekonferansen 2025
16. - 17. oktober vart den nasjonale folkehelsekonferansen halden i Kristiansand, og Brynje-prosjektet fortalde om Bykle kommune sitt arbeid med inkludering.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.10.2025 08:45
Sist endra 29.10.2025 08:45
Bykle kommune
Konferansen samla meir enn 600 deltakarar frå heile landet og det var i parallellsesjonen "Samarbeid, samhandling, samskapning med fokus på arbeid og arbeidslivet" at erfaringane frå Bykle blei plukka ut for å delast.
– Me konkurrerte med andre prosjekt frå heile landet om å få taletid på konferansen, så det i seg sjølve er ei stadfesting av at kommunen si satsing på inkludering vert lagt merke til nasjonalt, seier dagleg leiar Vidar Mortensen.
I presentasjonen la han spesielt vekt på at berebjelken i Brynje-prosjektet er samarbeid og samhandling både internt i kommunen og ikkje minst ut mot lag og foreiningar, bedrifter og ressurspersonar i lokalsamfunnet.
– Fenger interesse
– Det ser ut som at måten me arbeidar på fenger interessa og kan gje nokre konkrete eksempel på gode tiltak og aktivitetar, samstundes som me òg jobbar strukturert og langsiktig med inkludering gjennom planarbeid og politiske sakar, seier Mortensen, og legg til at fleire var interessert i å høyre meir etter presentasjonen.
Bykle kommune no får internasjonal omtale etter konferansen. Som ein “bonus” for at søknaden om taletid vart skriven på engelsk, blir prosjektet omtala i ei spesialutgåve av fagtidsskriftet "The Scandinavian Journal of Public Health"!