Brynjeprosjektet og Rekordfestivalen med Arrangørskulen

Brynjeprosjektet i regi av Bykle kommune har gått saman med Rekordfestivalen om ein “arrangørskule”. Satsinga starta med festivalen i august i år.

Tre av dei som tok Arrangørskulen. Frå venstre: Marie Tjomsaas Johanssen, Beate Andersen og Iben Hall. - Klikk for stort bileteTre av dei som tok Arrangørskulen. Frå venstre: Marie Tjomsaas Johanssen, Beate Andersen og Iben Hall. Brynjeprosjektet

Då fekk fem unge under 26 år ei grundig innføring i arrangørfaget fram mot neste års festival.

– Satsinga kom i stand gjennom ei utlysing frå Norske Kulturarrangører der ein kunne søke om midlar til inkluderings- og rekrutteringstiltak for ungdom. Rekordfestivalen fekk 40.000 kr., seier Vidar Mortensen i Brynjeprosjektet.

Todelt målsetting

Målsettinga med satsinga er både å inspirere ungdom og unge vaksne til å engasjere seg i festivalar og andre kulturarrangement, men også å lage eit rammeverk for fagleg oppfylgjing med kompetanseutvikling innan det arrangørtekniske.

Nøgde studentar

– Eit veldig godt initiativ, og moro å få vere med og forme både festivalen og skulen vidare, seier tre av dei som var med i august, Marie Tjomsaas Johanssen, Beate Andersen og Iben Hall.

Dei peiker på fellesskapen som vel så viktig som det faglege.

– Så er det viktig å bidra til å halde liv i festivalen, slår dei fast.

Ros frå festivalsjefen

Festivalsjef Benedicte Eidsaa Skog er svært nøgd med første runde.

– Dei som var med var flinke, samvitsfulle og stod løpet ut. Dette er sers god rekruttering av framtidige arrangørkrefter! På dette viset får me også nye idear og inspirasjon, meiner ho.

Samarbeid mellom kommune og lokale aktørar

Vidar Mortensen i Brynjeprosjektet viser til Arrangørskulen som eit godt døme på samarbeid mellom kommunen og gode lokale krefter.

– Rekordfestivalen har bygt seg opp gjennom 15 år, og er eit viktig lokalt tilbod. Festivalar og anna dugnadsbasert er i særklasse veleigna for å bidra til inkludering og samhald. Her får me også kompetanseutvikling og ei investering i framtidige arrangement, seier han.

Han peikar også på inkludering og integrering i praksis.

– I år fekk me engasjert fleire av dei ukrainske flyktningane som frivillige. Neste år ynskjer me å ha med oss endå fleire, seier Mortensen.

Blir med vidare

Årets kull frå Arrangørskulen blir no med vidare i evaluering, planlegging og gjennomføring av Rekordfestivalen vidare. I tillegg er det lagt opp til deltaking på ulike bransjetreff og ikkje minst eigenutvikling via eit samarbeid med Gerd Martina Langeland i SAMM (Systematisk Arbeid med Mestring, Medvirkning og Motivasjon), eit forskningsprosjekt ved UIA. Prosjektet skal mellom anna presentere sine funn på ein internasjonal konferanse i Cambridge i september.

Sjef for Rekordfestivalen, Benedicte Eidsaa Skog, er godt nøgd med prosjektet og deltakarane. - Klikk for stort bileteSjef for Rekordfestivalen, Benedicte Eidsaa Skog, er godt nøgd med prosjektet og deltakarane. Brynjeprosjektet