Brynje-prosjektet vart presentert på universitetet i Agder

Nyleg var Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet i Bykle på gjesting ved universitetet i Agder. Der presenterte han prosjektet for dei som tar entreprenørskapstudiet.

Vidar Mortensen (lengst framme til venstre) i Brynje-prosjektet heldt gjesteforelesing på universitetet i Agder nyleg. - Klikk for stort bileteVidar Mortensen (lengst framme til venstre) i Brynje-prosjektet heldt gjesteforelesing på universitetet i Agder nyleg. Bykle kommune

Entreprenørstudiet er ei internasjonal utdanning der studentar frå heile verda skal lære korleis ein kan utvikle og drive eigne verksemder. Ein sosial entreprenør er ein eller fleire personar som ynskjer å skape nye løysingar på sosiale problem. Gjesteforelesinga tok for seg korleis sosialt entreprenørskap kan bidra til meir inkludering og innanforskap.

– Mange av studentane er opptekne av å løyse samfunnsproblem i tillegg til å skape ei økonomisk berekraftig verksemd, seier Vidar Mortensen.

– Viktig å samarbeide med kommunane

Førsteamanuensis Pince Baah-Peprah slår fast at samarbeidet med kommunane er viktig.

– Sosialt entreprenørskap er ei kraftfull tilnærming for å handtere somme av dei største utfordringane i verda. Spesielt gjeld nok dette i marginaliserte samfunnsgrupper. Ved å integrere berekraftige praksisar, nyskapande metodar og å fokusere på langsiktige verknader, får ein løysingar ikkje bare for her og no, men også for framtida, seier han.

– Det var stort engasjement og mange som tok kontakt etter innlegget. Interessa for Brynje-prosjektet var god. Ei av studentgruppene held på med eit prosjekt so kan vere grunnlag for samarbeid med Brynje-prosjektet, seier Vidar Mortensen.