Brynje-prosjektet presentert på konferanse i Kroatia

I regi av Universitetet i Agder og professor Oddgeir Tveiten vart konferansen World Learning Summit skipa til i Kroatia nyleg. Der vart Brynje-prosjektet i Bykle presentert.

Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet presenterte satsinga i Bykle på konferanse i Kroatia. - Klikk for stort bileteVidar Mortensen i Brynje-prosjektet presenterte satsinga i Bykle på konferanse i Kroatia. Brynje

Dagleg leiar i Brynje, Vidar Mortensen, er glad for at prosjektet vekker interesse også internasjonalt.

– Det er interessant at dei erfaringane vi har frå Bykle har overføringsverdi til andre distriktsområde i Europa. Bidraget frå Brynje vart vurdert til å være så sentralt at reise og opphald vart betalt av konferansen. Det seier noko om kor viktig det arbeidet kommunen gjer på dette feltet er, både i lokal samanheng og som inspirasjon for andre lokalsamfunn, seier han.

Aktuelle 

- Etter å ha blitt orientert om Brynjeprosjektet sine målsettingar og arbeidsmetodikk, ville me vi invitere dei til å presentere aktuelle problemstillingar knytta til utanforskap i ein distriktskommune, og delta i diskusjonen rundt ulike måtar innovativ bruk av teknologi og pedagogiske verkemiddel kan motvirke og forebygge utanforskap, seier Oddgeir Tveiten.

– Inkludering avgjerande

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, strekar under at arbeidet for inkludering og mot utanforskap aldri blir fullført.

– Det er eit prosjekt me heile vegen skal ha trykk på, fordi det er så viktig. Bykle kommune satsar, og me har tru på utvikling og resultat i åra som kjem, seier ho.