Bruktmarknad i Hovden grendehus laurdag 9. november

Det blir alt frå brukte skiklede til vårrullar på bruktmarknad i Hovden grendehus laurdag 9. november.

Frå klokka 11-15 blir det bruktmarknad, kafé, open buldrevegg og ope bibliotek i grendehuset. Ein kan få kjøpt seg Chananyas vårrullar og kyllingwok. Kaker og kaffe/saft er det også. 

Kino

Har du sportsutstyr eller anna nips du vil gje ein ny heim? Ting bord til bruktmarknad i resepsjonen på grendehuset, eller på epost kultur@bykle.kommune.no

Etter bruktmarknaden er det kino. Då blir det familiefilmen Askepote kl. 15 og vaksenfilmen Nr.24 kl.17.

HER er lenke til informasjon om bruktmarknaden på Facebook.