Britt-Synnøve Johansen til Bykle Bygdeheim
Onsdag 6. november klokka 11 blir det franske, musikalske tonar på Bykle Bygdeheim. Då kjem songar Britt-Synnøve Johansen saman med pianist Rasmus Solem for å tolke mellom anna Edith Piaf.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.11.2024 13:25
Sist endra 04.11.2024 13:25
Britt-Synnøve Johansen kjem til Bykle Bygdeheim onsdag 6. november klokka 11.Mange hugsar nok at Britt-Synnøve Johansen vann den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1989. I åra etter har ho etablert seg som ein habil og mykje nytta songar.
Piaf
Så er det altså tolkningar og omsettingar av musikken som gjorde Edith Piaf verdskjent Johansen har jobba mest med - det er difor kjente franske melodiar ho kjem til Bykle Bygdeheim med. I tillegg blir det songar frå deira eiga album “Mørk Salong”, det franskinspirerte albumet dei gav ut i 2022.