Brannvernansvarlege i Bykle kommune med temadag
Nyleg var dei brannvernansvarlege i Bykle kommune med på temadag om ansvarsområdet sitt. Det vart ein lærerik temadag med oppfrisking av viktig kunnskap.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.12.2024 12:45
Sist endra 10.12.2024 12:45
Brannvernansvarlege i Bykle kommune på temadag.
Vidar Johnsen
I løpet av temadagen fekk deltakarane ein solid gjennomgang av lovverket, ulike forskrifter, ikkje minst opp mot dei ulike krava som ligg til grunn for dei ulike kommunale bygga, og ein såg på område som internkontroll.
Slokkeøving
Temadagen femna også om rutinar og øvelsar og alt kring tilsynsoppfylgjing. Dagen vart avslutta med ei praktisk slokkeøving.