Born og unge fastbuande får årskort i Hovden Badeland for ein hundrelapp

Ordninga med at Bykle kommune og Hovden Badeland sponsar årskort i badeland for fastbuande born og unge held fram. Dei opp til tre år badar gratis, medan gruppa opp til 18 år får eit årskort for ein hundrelapp.

Torvald Gautland i Hovden Badeland minner om sponsing på årskort. - Klikk for stort bileteTorvald Gautland i Hovden Badeland minner om sponsing på årskort. Ole Birger Lien

Så er det greitt å minne om at for den yngste gruppa opp til tre år så er badebleie påbode. Det må ein ha med, eller kjøpe på badeland. 

– Me hadde sett pris på at dei som skal fornye årskort gjer det innan vesle jolaftan, så har me det på plass før den mest hektiske joletida tar til. Hugs at viss ein har armbånd, må ein ha det med. Nytt kostar ein hundrelapp, seier dagleg leiar i Hovden badeland, Torvald Gautland.

Opningstidene i Hovden badeland finn ein HER