Bli med på seniortrim i Bykle samfunnshus!

Måndagar mellom klokka 11-12 er det full rulle i samfunnshuset i Bykle med seniortrim!

Det er seniortrim i Bykle samfunnshus måndagar mellom klokka 11-12. - Klikk for stort bileteDet er seniortrim i Bykle samfunnshus måndagar mellom klokka 11-12.

I regi av Bykle frivilligsentral gnur deltakarane på - med fokus på god oppvarming i forkant, og øvelsar som skal gje både balanse og styrke. Mottoet er “Ein stødig kropp for eit godt liv”, og det er vel ei rettesnor folk i alle aldrar kan slutte seg til. Etter trimmen er det kaffitreff i biblioteket frå klokka 12-13, med ein enkel lunch.