Bli med på "Ordførarens tur" som del av Friluftslivets år!

Onsdag 9. april frå klokka 16 til 18 kan den som vil det bli med Bykle-ordførar Hans Blattmann på tur!

Arrangementet er del av Friluftslivets år, ei satsing Bykle kommune er med på. Onsdag kan ein bli med på skitur og skileik, bli kjent med nye menneske, og det er med skiinstruktørar for alle som vil trene langrenn. 

Servering

Det er oppmøte ved langrennsarenaen, og det blir servert eit varmt måltid som del av tilskipinga.