Bli Friskus-brukar - fylgj Bykle kommune!
Nesten 3700 menneske fylgjer Bykle kommune via nyheitsappen Friskus - og talet er stadig aukande.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.07.2025 14:24
Sist endra 17.07.2025 14:25

Appen er gratis for alle brukarar - og fungerer slik at når Bykle kommune legg ut ei nyheitssak på heimesida så får ein eit varsel og eit pling på mobilen. Når ein opnar varselet får ein ei overskrift og eit bilete, og kan sjølv velje om ein vil trykke seg inn i saka eller la det vere. For Bykle kommune er poenget “jo fleire jo betre” - difor er oppmodinga klar: LAST NED FRISKUS OG KRYSS AV FOR Å FYLGJE KOMMUNEN!
HER KAN DU LASTE NED FRISKUS