Bjørnis til Hovden sentrum fredag 1. desember!
- desember er røykvarslarens dag, og til Hovden sentrum kjem sjølvaste Bjørnis for å underhalde og lære frå seg om brannvern!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.11.2023 10:09
Sist endra 30.11.2023 10:11
Bjørnis kjem til Hovden sentrum 1. desember.Denne viktige dagen blir markert landet rundt, der lokale brannvesen står i spissen for å få ut bodskapen om kor viktig det er med røykvarslarar. På slaget klokka 12 fredag 1. desember er det altså i Hovden sentrum det heile går føre seg, med denne sers populære figuren Bjørnis - full av spilloppar og påfunn!
Sjekk røykvarslarane heime!
Her bør folk i alle aldrar vere på plass - og hugs å sjekke røykvarslarane heime i morgon!