Ber folk om å bekjempe det giftige ugraset landøyda

Den giftige planta landøyda, som er eit ugras, er no observert i Bygland. Alt tyder på at veksteren kjem til å spreie seg utover i dalen, og Agder Bondelag ber no folk flest om hjelp med å bekjempe ugraset.

Landøyda blømer på denne tida av året, og ei plante kan ha så mange som 2000 frø. Frøa kan spire på jordoverflata, og kan ligge spiredyktige i jorda i meir enn 10 år. 

Trass i at mange gardbrukarar kjempar mot landøyda, spreier ugraset seg raskt. Viss dyr et graset, kan det føre til både leverskadar og død. Agder Bondelag håpar difor at folk flest kan vere observante og fjerne ugraset frå sin eigedom og i andre nærområde. 

Må dra planta opp

– På denne tida er det lite hjelp i kjemiske middel. Ein må dra planta opp og leggje ho i restavfall for å bli kvitt frøa, seier organisasjonssjef i Agder Bondelag, Ingunn Kile. 

Viss ein samlar så mykje av ugraset at ein ikkje får plass i restavfall-dunken kan ein levere det gratis i gjennomsiktige avfallssekkar til Setesdal miljø & gjenvinning sine miljøstasjonar. Det må då leverast som spesialavfall. Viss ein treng avfallssekkar kan ein kontakte Setesdal miljø & gjenvinning på tlf 37930040.

Meir informasjon om landøyda finn ein i denne lenka: linkvelger://4190/