Barnehagen på Hovden treng vikarar
Barnehageleiar i Bykle kommune, Caroline Rysstad, oppmodar no dei som kunne tenke seg å gjere ein innsats om å melde seg som tilkallingsvikarar til Fjellgardane barnehage.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.09.2025 13:31
Sist endra 25.09.2025 13:31
Fjellgardane barnehage
Om ein kan arbeide mykje eller bare litt, så er det av interesse for kommunen å ha ei liste med folk ein kan ringe. Den som kan tenke seg at arbeid i ein barnehage kan passe, og har litt tid til overs, kan kontakte barnehageleiaren på tlf 93421494.
Tre avdelingar
Fjellgardane barnehage ligg i enden av ein blindveg og er nabo til barneskulen og friområdet med ljosløype. Dei tre avdelingane er: Revehiet, Maurtuva og Jasehola. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med mykje naturtomt, og tilgang til skulen sitt uteareal. Barnehagen har også gapahuk med bålplass på tomta. Hovden grendehus (med bibliotek og gymsal), badeland og grusbane/skøytebane ligg i barnehagen sitt nærområde. Kulturskulen gir tilbod om leikarring på barneskulen, musikk i barnehagen og eventyrstund på biblioteket. Dei eldste barna, kompisane, har månadlege turar/aktivitetar med kompisane i Bykle barnehage, i tillegg til eigne aktivitetar i barnehagen.