Barnehagane i Bykle kommune treng ringevikarar!

Barnehagane i Bykle kommune har mange flotte born, men av og til er det ein ekstra vrien kabal som skal løysast med tanke på bemanning.

– Me treng ringevikarar, seier leiar Caroline Rysstad.

Barnehagane i Bykle kommune, som her i Bykle, treng fleire ringevikarar. - Klikk for stort bileteBarnehagane i Bykle kommune, som her i Bykle, treng fleire ringevikarar. Ole Birger Lien

År etter år skårer barnehagane i Bykle og på Hovden høgt på nasjonale kåringar som ser på alt frå trivsel og tryggleik til samspel mellom barnehagar, kommune og foreldre. 

– Så vil me altså ha fleire medarbeidarar å spele på, og ringevikarar som kan stille opp på litt kort varsel er viktig, seier Rysstad.

Dei som måtte vere interesserte kan ringe barnehageleiaren på tlf 93421494.

Vil du heller sende Caroline Rysstad ein e-post så gjer du det HER