Barne-tv på TV2 Play filma i ti dagar på Hovden!
Nyleg var produksjonsselskapet Drive Studios på Hovden for å filme til ein ny sesong av barneserien “Kjempemaskiner” på TV2 Play Norge. Hovudpersonen i serien er den vesle isbjørnen Bamse Broom!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.07.2024 10:51
Sist endra 19.07.2024 10:51
Bamse Broom vitja Hovden!
Drive Studios
Bamse Broom skal vere med ulike folk på jobb for å sjå dei bruke store maskinar. I så måte er Hovden eit godt utgangspunkt med mykje byggjeaktivitet, og ikkje minst dei store maskinane som sikrar gode forhold i alpinbakkane! I 10 dagar filma regissør Julie Sandvik Vinther og fotograf Haakon Wettre øvst i Setesdal.
12 episodar
I løpet av opptakstida på Hovden vart det filma nok til i alt 12 episodar av serien.
– Me har ingen premieredato enno, men serien kjem truleg opp til neste vinter, seier regissør Julie Sandvik Vinther.
I løpet av episodane får ein sjå Bamse Broom vere med på redningsøvelse i jeismastene i alpinsenteret, han køyrer med snøfres, lagar skøytebane, byggjer skihopp, køyrer med trakkemaskin og mykje, mykje meir.