Av-og-til minner om måtehald med alkohol rundt born

Organisasjonen Av-og-til, som arbeider for måtehald med alkohol kring born og unge, minner om at sommarferien jamnt kan vere ein periode der ein bør tenke ekstra grundig gjennom konsumet.

Det seier seg sjølv at i ferien, med born og vaksne samla, er problemstillinga aktuell. Visst skal ein kunne kose seg litt ekstra, men så er det lov å bruke hovudet og!

– I ulike sosiale settingar er det jamnt alkohol, og då er det lurt å hugse på at born og unge reagerer viss dei ser endra atferd hjå dei vaksne. Det er difor veldig lurt å begrense inntaket når ein er saman med born og unge, seier helsesjukepleiar i Bykle og Valle, Margrethe Mosdøl.

Av-og-til-kampanjar

Av-og-til har laga fleire digitale kampanjar om temaet. 

HER er lenke til ein av dei.