Auka kapasitet på næringsarbeidet i Bykle kommune

Næringsavdelinga i Bykle kommune går ein hektisk haust i møte med auka kapasitet!

Frå venstre: kommunedirektør Karina Sloth, rådgjevar næring Nils Johan Markus Lund, rådgjevar næring Bjørn Otto Eliassen og fungerande næringssjef, plansjef Signe Sollien Haugå. - Klikk for stort bileteFrå venstre: kommunedirektør Karina Sloth, rådgjevar næring Nils Johan Markus Lund, rådgjevar næring Bjørn Otto Eliassen og fungerande næringssjef, plansjef Signe Sollien Haugå. Bykle kommune

Bjørn Otto Eliassen er tilsett i eit vikariat som rådgjevar. Han arbeider i halv stilling ut august, og så gnur han på i full stilling! Nils Johan Markus Lund er også i full stilling no, med tre kontordagar i veka i Bykle, og elles frå heimekontor. Plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå, er framleis fungerande næringssjef.

– Det gler meg at me får styrka næringsavdelinga og er godt rusta i tida som kjem. Næringsarbeid er viktig, og i Bykle kommune er det stadig nye prosjekt kommunen må vere med å leggje til rette for. Aukinga no gjer oss endå meir robuste, seier kommunedirektør Karina Sloth.

Fordele oppgåvene

Næringsavdelinga skal fordele oppgåvene mellom dei tilsette. Markus Lund skal fylgje opp ENØK-støtteordninga, og koordinere verksemdbesøk i samarbeid med kommuneleiinga. Han skal også fylgje opp kurs og prosjekt som til dømes Brynje, veksthus og lågterskeltilbod for gründarar. Bjørn Otto Eliassen skal ta opp att og sluttføre arbeidet med strategisk næringsplan i samarbeid med dei to andre i næringsavdelinga, og vil gjerne møte med styra i begge næringslaga med det første. Han er også open for å vere med på lokale møte elles.

– Med auka kapasitet kan me sikre raskare oppfylgjing av næringssakene og tettare dialog med aktørane. Me kan også drive meir aktiv rådgjeving i høve rettleiing og formidling av saker og ordningar mellom heile det regionale verkemiddelapparatet, seier Sollien Haugå.

Ho legg til at med ny kommuneplan samfunnsdel ligg det føringar på korleis ein kan medverke til auka lønnsemd og bedriftsutvikling til lokalt næringsliv i Bykle kommune.

– Det handlar også om korleis me kan tiltrekke oss framveksande næringar og dra nytte av at me er ein kraftkommune, seier Signe Sollien Haugå.

Signe Sollien Haugå: signe.sollien.hauga@bykle.kommune.no - tlf 482 37 300

Nils Johan Markus Lund: nils.johan.markus.lund@bykle.kommune.no - tlf 472 53 066

Bjørn Otto Eliassen: Bjorn.otto.Eliassen@bykle.kommune.no - tlf 488 81 882