Attval på styret i Bykle og Hovden vekst
Bykle og Hovden vekst orienterte under sist kommunestyremøte i Bykle om styrearbeid i selskapet og i dotterselskapa Hovden badeland, Bykle og Hovden næringsutvikling, Hovden løypekøyring, Destinasjon Hovden, Bykle breiband og Hovden prosjektutvikling.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.04.2024 09:58
Sist endra 10.04.2024 09:58
Styret i Bykle og Hovden vekst. Frå venstre: styreleiar Arve Anderson, Eivind Buckner, Siri Lande, Jon Bjørgum, dagleg leiar Torvald Gautland og ordførar Hans Blattmann. Sigrid Tellefsen er også med i styret, men var ikkje til stades då biletet vart teke.
Signe Sollien Haugå
Styremedlem Eivind Buckner tok for seg det største prosjektet ein arbeider med no, nye Hovden badeland. Styreleiar Arve Anderson kytte både av styret og tilsette for godt arbeid i verksemdene. Han streka også under at dei er opne for å bistå Bykle kommune med andre prosjekt, til dømes hybelbyggprosjektet viss det viser seg aktuelt å gjennomføre i regi av kommunen etter avklåringar med Agder fylkeskommune.
Attval av styret
Det var også formell generalforsamling og attval av styret som del av møtet.
– Ein ser kor effektivt og profesjonelt de gjennomfører denne type oppdrag på vegne av kommunen. Gode døme er både badeland og leilegheitsprosjekta i Røyrvikåsen. Eg vil på vegne av meg sjølv og kommunestyret takke for framifrå innsats og solid arbeid, sa ordførar Hans Blattmann og baud på blomar både til styreleiar Arve Anderson, resten av styret og dagleg leiar Torvald Gautland.