Anbodskonferanse for siste riksveg 9-parsellen i Bykle kommune
Det står att bare ein parsell av det som skal bli ny riksveg 9 gjennom Bykle kommune, Geiskelid-Badstogdalen. Nyleg vart det gjennomført anbodskonferanse for prosjektet som har eit totalbudsjett på kring 75 mill. kr.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.05.2025 10:16
Sist endra 15.05.2025 10:16
Frå anbodskonferanse for Geiskelid-Badstogdalen.
Ole Birger Lien
Med Geiskelid-Badstogdalen, ein trasé på kring 3,5 km, er den siste delen av riksveg 9 i Bykle kommune som skal fornyast som del av “gul midtstripe til Hovden sentrum”, på plass. I alt skal det byggjast kring 3,5 km ny riksveg 9. Det meste av den nye vegen kjem på eller like ved der den gamle ligg.
Gamal veg blir gangveg
Frå Ørnefjellvegen og nordover skal gamal riksveg byggjast om til gangveg. Fleire avkøyrsler skal flyttast eller byggjast om - det skal også byggjast to busslommer som del av prosjektet. I tillegg kjem ein kulvert for kryssing av skiløype som skal byggjast for Bykle kommune. På anbodskonferansen møtte verksemdene Hovden Hytteservice AS og Hirth Himle Entreprenør AS opp.
Anbodsfristen for prosjektet er 5. juni.