Alt klart for folkefest på Hovden 17. mai!

Det ligg an til ein kjempedag med strålande ver i heile landsdelen 17. mai! Programmet for feiringa av nasjonaldagen øvst i Setesdal er klart - og ein innhaldsrik dag ventar store og små!

Det ligg an til folkefest på Hovden 17. mai! Her frå feiringa av nasjonaldagen i Bykle i fjor.

Flaggheising i Bykle er klokka 08 i regi av Bykle KFUK/M speidargruppe ved rådhuset og like etter ved Bykle sjukeheim. Det går buss frå Bykle samfunnshus til Hovden klokka 10.15, med retur klokka 16. Folketoget stiller opp framom Hovdetun klokka 11, med avgang eit kvarter seinare. 11.30 opnar kaféen i Hovden grendehus.

Leik og moro

Framom grendehuset blir det rigga til leikar av så mange slag med start klokka 11.45. Det er gudsteneste i Fjellgardane kyrkje klokka 12, og sjølve kulturprogrammet i kinosalen tar til klokka 14.30. Der skal mellom anna Bykle kommune sin kulturpris delast ut. Mykje kjent og kjært som del av 17. mai-feiringa altså - og ein dag som inneheld noko for dei aller fleste!