Alt klart for Bykledagen laurdag 31. august!
Laurdag 31. august er det klart for den årvisse Bykledagen, som Bykle næringslag står bak i samarbeid mellom andre med Bykle kommune og lokale aktørar elles. Det er klart for ein dag proppfull av hendingar!
Laurdag 31. august er det klart for Bykledagen. Her frå eit tidlegare arrangement.
Ole Birger Lien
Programmet tar til nede ved Sarvsdammen i Bykle klokka 10. Der opnar Otra Kraft DA opp så vatnet kan buldre over dammen og ned i det mektige juvet. Kraftselskapet byr også på mat og drikke og brannstasjonen har ope hus.
Aktivitetar i Lislestog
Utetter dagen frå klokka 11 blir det aktivitetar både i Lislestog og Bykle gamle kyrkje. Bykle husflidlag har kafé i Flatelandsstoga, og skal i løpet av dagen vise fram brurestakken dei leiger ut til bryllaup. Bjørg-Sissel Tveiten og Marit Løyland held kvedarstund og munnharpestund i Mannspannstoga. Endre Stulien Robstad kjem for å spele hardingfele, og kanskje har han munnharpa med også?
Lokal mat
Ved OL-stoga blir det skattegraving for dei minste, og ein kan kjøpe lokale varer, både mat og handtverk. I Bykle gamle kyrkje held Helga Jacobsen song- og forteljarstund, og Line Steine har forteljarstund for born. Dagen blir runda av med gratis konsert i Bykle kyrkje i regi av Bykle folkeakademi klokka 15. Der kjem bandet “Down from the mountain” med Inger Lien (vokal), Gøril Ramo Håve (vokal, gitar og langeleik) og Knut Tore Bratland (vokal og gitar).
– No ynskjer me alle hjarteleg velkomne. Me håpar og trur at programmet skal ha mykje for alle, store og små, seier prosjektleiar i Destinasjon Hovden, Lina Dufva.
Vasslepp ut frå Sarvsdammen er fast innslag under Bykledagen. Så også 31. august i år.
Ole Birger Lien
Publisert 23.08.2024 17:47
Sist endra 23.08.2024 17:47